Øver med væpna politi på Borgafjellet barneskule
Alle naudetatane er samla til PLIVO-øving.
PLIVO står for pågåande og livstruande vold, og torsdag ettermiddag og kveld øver naudetatane i Bjørnafjorden på å handtera ei slik hending.
Frå klokka 17 til 22 er det væpna politi i området ved og inne på Borgafjellet barneskule.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det vil bli avfyrt skot med markørvåpen, og det vil vera ein del blålys og sirener.
Området er merkt med øving.
Det opplyser Vest politidistrikt på X.