Folk tok beina fatt langs Hatvikvegen
Forholda skal no vera utbetra.
Vi oppdaterer saka.
Måndag morgon har det vore store trafikale utfordringar fleire stader i Bjørnafjorden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bilistar som stod i kø i retning Hatvik, fekk beskjed frå politiet om å parkera bilen på Osøyro og ta beina fatt.
Entreprenørar venta på at Hatvikvegen skulle verta tømt for bilar slik at dei kunne få strødd med sand.
— Vi gjer det for å få opp friksjonen, fortalde trafikkoperatør Arne Viken.
Entreprenørar var også på veg for å henta meir sand.
Viken kjende då ikkje til kva som er gjort av strøing eller salting i forkant.
Kring kl 10 kom det melding om at vegen var strødd og opna att for trafikk.
Politiet stengde vegen
Klokka 8.48 stengde politiet Hatvikvegen inntil vidare. Dette til forholda er utbetra.
Klokka 8.35 opplyste politiet på staden at dei prøvde å tømma bakken for å få strødd.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Om det er bilar som ikkje kjem seg opp, skal vi hjelpa til med å skubba, sa politi på staden.
Som sagt så gjort.
Spesielt ille
Det har også vore svært glatt i Mobergsbakken måndag morgon, fortel trafikkoperatør Viken.
— Det er eigentleg dei same forholda der som på Hatvikvegen. Skilnaden er at politiet ikkje er der og dirigerer.
Dei fyrste klagene på bakken frå Osøyro til Hauge vart ringt inn til Vegtrafikksentralen klokka 7.37 i dag tidleg.
— Det har kome klager om Mobergsbakken også, men klart flest om Hatvikvegen, sa Viken måndag morgon.
Vest politidistrikt melde i åtte-tida på X at ti bilar står fast og truleg må bergast.
— Dei kjem seg ikkje nokon veg. Det er svært utfordrande forhold på staden.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Trafikken flyt nedover, men står stille oppover, opplyste ein lesar på telefon frå Hatvikvegen nær Kiwi Haugsneset.
Klokka 7.40 opplyste politiet at dei var på staden for å dirigera trafikken på grunn av trafikkork. Årsaka var at fleire bilar strevde med å koma seg opp bakken.
Kan vera færre enn ti
Operasjonsleiar Tommy Veland opplyste klokka 8.30 at det kunne vera færre enn ti bilar som trong berging, slik politiet fyrst opplyste.
— Vi har fått meldingar om glatte vegar i Nordhordland også, men det er berre på Os at politiet har måtta rykka ut, sa han.