Statens vegvesen: Her er kontrollørane under ein tidlegare kontroll på Storestraumen.

Fem sjåførar fekk til saman ni åtvaringar

Kontrollørane sjekka vinterutrustinga ekstra nøye.

Tysdag kveld hadde Statens vegvesen tungbilkontroll på Svegatjørn. Til saman 95 køyretøy var innom.

Fem sjåførar fekk til saman ni åtvaringar for mindre brot på køyre- og kviletidsreglane. Av same årsak vart det også skrive ut to gebyr på høvesvis 1.000 og 2.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eitt firma vart innmeld til Føretakskontrollen som kandidat for ein bedriftskontroll. Dette medfører ein nærare kontroll av køyre- og kviletid for alle sjåførane i firmaet.

For eit anna køyretøy vert det sendt inn ein rapport til Skatteetaten for manglande vektgrunnlag for berekning av vektårsavgift ved trekking av tilhengar over 3.500 kilo. Saka blir følgt opp av Skatteetaten.

Kontrollørane skreiv ut køyreforbod og eit gebyr på 4.000 kroner for utgått yrkessjåførkompetanse. Dette galdt eit tysk vogntog.

Eit køyretøy vart ilagt bruksforbod for manglande nærlys og parkeringslys på eine sida. Vongtoget var heilt mørklagd på venstre side.

To andre køyretøy vart ilagt bruksforbod for mangelfull sikring av gods.

Til sist vart det skrive ut eit gebyr på 500 kroner for manglande vognkort.