Fekk melding om mann på islagt vatn. – Kvar enkelt har ansvar for å måla isen sjølv
Politiet minner om isvettreglane.
I 13.30-tida fredag fekk politiet i Os melding om at det var ein mann på isen på Ulvenvatnet.
– Mannen hadde følgt isvettreglene, og målt isen, opplyser politiet som samstundes ønskjer å minna om at kvar enkelt har ansvar for å sjekka om isen er farbar før ein går utpå.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi oppmodar om å følgja isvettreglene som er lista opp på Bjørnafjorden kommune sin heimeside, skriv politioverbetjent i Bjørnafjorden og Austevoll politistasjonsdistrikt, Christine Grindstein, i ein e-post til avisa.
Isen vert rekna som farbar når han er minst 15 centimeter tjukk. Hugs å måla isen sjølv, eller ver saman med erfarne folk som kan måla, heiter det i reglane.
Elles seier isvetterglane, som du kan lesa ei meir utfyllande versjon av her, følgjande:
1. Ha respekt for isen.
2. Ikkje gå på is om du ikkje kan symja.
3. Hald deg på sikker is.
4. Ver spesielt merksam på is om hausten og våren, og på is som er dekt av snø.
5. Bruk alle sansane når du går på isen.
Artikkelen held fram under annonsen.
6. Gå fleire saman.
7. Ta med deg tilstrekkeleg sikringsutstyr.
8. Om du går gjennom isen, ikkje få panikk.
9. Om andre går gjennom isen, hald avstand.
– Hugs at isen kan vera svekka på overraskande stader. Ver varsam langs land, og unngå kjente stader med straum under isen. Husk å sjekka istjukkelsen grundig før du kryssar islagte vatn, skriv Grindstein og viser til varsom.no.