EM-gull: Sverre Lunde Pedersen var sentral då Noreg sikra EM-gull på lagtempo i Heerenveen fredag kveld.

Tok EM-gull og sette verdsrekord

Saman med lagkameratane Sander Eitrem og Peder Kongshaug, tok Sverre Lunde Pedersen EM-gull på lagtempo i Heerenveen fredag.

Trioen sette verdsrekord med tida 3.34,22. Den førre rekorden, som var amerikansk frå 2021, var på 3.34,47.

– Det er jo enormt! Dette laget har ikkje verda sett før. Sverre er verdas beste på lagtempo gjennom tidene. Han tilpassar seg alle rytmar og alle lag, sa dagleg leiar i Fana IL, Hans Dankertsen, til Bergens Tidende like etter at medaljen var sikra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skøyteekspert i VG, Ida Njåtun, karakteriserte også bragda som enorm.

– Det er nesten ikkje til å forstå, sa ho til avisa.

Eitrem, Kongshaug og Pedersen kom i mål 6,25 sekunder framføre Italia. Nederland kom på tredjeplass, 7,14 sekunder bak Noreg.

Osingen er den mest rutinerte i laget, og har tidligare vore med på å ta sølv (2022) og bronse (2020) i EM på distansen. I 2022 var dessutan Pedersen og Kongshaug med på å sikra OL-gull til Noreg på lagtempo.