Juledag og ny runde med himmelsk idyll
Etter ein ruskete julaftan vakna Bjørnafjorden til eit vakkert syn på himmelen. Igjen.
For berre tre dagar etter at det sjeldne vêrfenomenet bergtok bygdene her vest, dukkar det altså opp igjen.
Ikkje like spektakulært som på torsdag 22. desember, og ikkje på ein skyfri himmel, men likevel.
Artikkelen held fram under annonsen.
No inviterer Os & Fusaposten deg til å senda inn dine bilete av juleidyll. Kva det er for deg, definerer du sjølv. Legg dei i kommentarfeltet på Facebook-sida vår.
Det blir sjølvsagt premiar i form av Flax-lodd, til dei beste.