Satsar på å opna vegen i løpet av dagen
Etter vel ein månad kan Byvegen-strekket mellom XY-stasjonen og Jordmorsvingen opnast.
Dei siste dagane er det asfalteringsarbeid som har pågått på det vel 100 meter lange strekket. Ifølgje prosjektleier for Vestland fylkeskommune, Marius Narvasete Lydvo, nærmar dei seg ferdige.
– Me skal asfaltera meir i morgon (tysdag), men reknar med å opna vegen for gjennomkøyring etter det.
Artikkelen held fram under annonsen.
Opphavleg skulle vegen opna på vesle julaftan. No viser det seg altså at arbeidet har gått såpass radig at ein kan framskunda det nokre dagar.
– Kan du seia noko om når på dagen de opnar?
– Nei, det kan eg ikkje. Me må sjå det an. Men målet er å opna i løpet av dagen, seier Lydvo.