Stø kurs: Det har aldri vore så viktig som no å staka ut ein stø kurs.

Vi må jobba saman til det felles beste

Med eit sterkt samarbeid kan vi byggja ei framtid der lokalsamfunna våre blømer og har ei berekraftig og attraktiv utvikling.

Å ta val og prioritere er vanskeleg, spesielt når vi alle veit at det er tøffe tider i Bjørnafjorden. Dette er det kommunestyret står ovanfor. Desse vala vil påverka lokalbefolkninga og næringslivet vårt. Det har aldri vore så viktig som no å staka ut ein stø kurs. Å halda fokuset på at Bjørnafjorden er og vil vera ein attraktiv kommune å etablere seg i – i dag og i framtida, er heilt sentralt.

Vi er så heldige at vi har eit sterkt og stabilt næringsliv på begge sider av fjorden – eit næringsliv som bidreg lokalt og kommunalt. Eit næringsliv som treng føreseielege og verdiskapande rammevilkår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utfordringane har kome på rekke og rad dei siste åra – både lokalt og internasjonalt. Det er vanskeleg å sjå inn i krystallkula for ekspertane om renta har nådd toppen eller straumprisane skal opp eller ned.

På tross av dette er det store delar av næringslivet vårt som gjer det veldig bra – og det bør motivera oss alle til å satsa litt ekstra her i Bjørnafjorden. Å ha ein berekraftig vekst og utvikling av næringslivet vårt, der vi har rikeleg tilgang til kompetanse, areal, straum, og ikkje minst gode levevilkår for arbeidsstyrken, gagnar oss alle.

Det har vore mange lesarinnlegg den siste tida om dei mange føreslåtte kutta. Innbyggare og næringslivet er bekymra. Eit samla næringsliv på «Fusasida» av Bjørnafjorden skriv i eit lesarinnlegg førre fredag, 8. desember, at dei er bekymra for dei «negative verknader for liv, helse, beredskap og negative utviklingsmoglegheiter for «Fusasida» av Bjørnafjorden.»

Les også
Me er uroa

Det er viktig å anerkjenna at næringslivet utgjer grunnlaget for vekst og velstand i eit kvart lokalsamfunn. Om bedriftene våre skal veksa og fortsetja å investera lokalt, må dei ha moglegheiter til å kunna tiltrekka seg gode tilsette med riktig kompetanse. Då må vi har gode levevilkår på begge sider av fjorden. Får vi dei til å busetja seg i kommunen blir det skattepengar i ein slunken kasse.

Med blant anna utviklinga av Samnøy, der Bolaks og andre aktørar satsar for fullt, må vi stå klare til å ønskja nye bjørnafjordingar velkomne med god bustadutbygging, gode skular, og ein infrastruktur som støttar oppunder gode og trygge levevilkår for alle.

Tenk kor heldige vi er i kommunen som er rik på mangfald, engasjerte, kreative innbyggjarar med stor stå på-vilje og evne til å få til nyskapning eller ta vare på eksisterande verdiar rundt om i heile kommunen. Nedbygging av bygdene er ei utfordring som mange lokalsamfunn står ovanfor i dag. Manglande tilgang til kompetanse forsterkar denne utfordringa. Då det blir vanskelegare for bedrifter å trekkja til seg talent og for innbyggjarane å oppretthalda ein høg livskvalitet.

Med eit sterkt samarbeid kan vi byggja ei framtid der lokalsamfunna våre blømer og har ei berekraftig og attraktiv utvikling. Det blir nok ikkje tilsett ein ny næringssjef i kommunen med det første. Då er det endå viktigare at næringslivet og kommunen spelar på lag. Vi må jobba saman til det felles beste!

Vi avsluttar med ei oppmoding til alle bjørnafjordingar: Hugs å handla dine julegåver lokalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Riktig god jul frå alle oss i Bjørnafjorden Næringsråd!

Synnøve Mowinckel

Dagleg leiar

Bjørnafjorden Næringsråd