Naudetatane måtte hjelpa eldre kvinne

Ei kvinne i 70-åra måtte ha hjelp av brannmannskap etter ei fallulukke søndag formiddag.

Det skriv Bergens Tidende. Dei har også snakka med operasjonsleiar i politiet, Helge Blindheim.

— Ho er tilsynelatande ikkje hardt skadd, men det er så bratt at ho ikkje kjem seg opp att utan hjelp. Brannmannskap er på veg til staden. Politi og ambulanse har også ryk ut, sa Blindheim til BT for ein knapp time sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet vart varsla om fallulukka klokka 12.52.