Sjekka 99 bilførarar for promille

Her frå ein tidlegare promillekontroll i Os.

Politiet stilte seg opp på Halhjem ferjekai måndag.

Frå klokka 8.30 til 10, heldt politiet promillekontroll på Halhjem ferjekai. Heile 99 bilførarar vart kontrollerte, men det vart ingen reaksjonar.

Det opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 7.50 same morgon, fekk politiet melding om ein påkøyrd hjort i Gåssandvegen. Ettersøksringen vart varsla om påkøyrsla.