Ingen skam å snu
Eks-ordføraren skal ha all æra for at han vågar å stå fram med eit slikt synspunkt.
Det kan vel vera at Terje Søviknes har litt rett i si vurdering av Atle Kvåle: At han lett snur kappa etter vinden. Men i dette tilfellet er eg hundre prosent einig med Atle.
I dagens økonomiske situasjon er Bjørnafjorden kommune nøydd til å auka inntektssida, og då er det knapt noka anna som duger enn å innføre eigedomsskatt. Eks-ordføraren skal ha all æra for at han vågar å stå fram med eit slikt synspunkt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Viggo Nonås har i Os & Fusaposten gjort greie for kvifor det bør bli slik; eit glimrande innlegg som eg fullt og heilt sluttar meg til.
Eg trur me er mange her i kommunen som er av same oppfatning. Kanskje bør me dra i gang ein folkeaksjon for eigedomskatt i kommunen. Dette ville kanskje rokka litt ved den fastlåste oppfatninga som Søviknes & Co har i dette spørsmålet.
Nils Kolle