Bil mot autovern på Nore Neset
Det skal vera svært glatt på staden, fortel politiet.
Klokka 17.35 fekk politiet melding om at ein bil hadde sklidd i autovernet på Skeisflaten.
I bilen sat ein mann i 20-åra. Han skal vera uskadd.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det same kan ein ikkje seia om autovernet.
— Politiet har oppretta sak på grunn av såkalla «skadde på annan manns eigedom», opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen.
Ingen andre personar var involvert i ulukka.