Åtvarar: Varslar 8–10 meter høge bølgjer på Vestlandet
Fredag blir det høge bølgjer på kysten sør for Stad.
– Ytst på kysten kan bølgjene bli 8-10 meter høge, skriv Meteorologisk institutt på X, tidlegare Twitter.
Instituttet ber folk vere forsiktige viss dei skal ferdast nær sjøen og seier at ingen bør dra ut i småbåt.