Ferjesambandet er i drift att
Hatvik-Venjaneset var ute av drift onsdag føremiddag.
– Kapteinen melder om at problemet skal vera løyst, kunne Bjørn Barstad i Fjord1 opplysa like før kl 12 onsdag.
Ferjesambandet hadde då stått sidan klokka 10.40 onsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva var problemet?
– Det var problem med thrusteren. Me måtte ha ekstern hjelp for å få det ordna, men no har kapteinen nett meldt meg om at problemet skal vera løyst, fortalde Barstad i føremiddag.