Flaumfare: Onsdag og torsdag er det fare for flaum i Bjørnafjorden.

Morgondagens høljeregn: Har sendt ut nytt farevarsel

NVE har sendt ut gult farevarsel for heile Vestlandet og delar av Agder og Trøndelag.

Farevarselet gjeld frå onsdag kl. 1 til torsdag kl. 12.

Vassføringa vil auka i små bekkar og elvar. Årsaka er mykje regn opptil 50-80 mm på 12 timer onsdag føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Kraftig lågtrykk på veg: — Blir skikkeleg ruskete!
Eit stort område kan oppleva flaum dei komande dagane.

I tillegg vil stigande temperaturar føra til snøsmelting under 600-1000 moh. Dette kan føre til lokale overfløyming.

Konsekvensen kan bli overvatn i tettbygde område, og lokale overfløymingar og erosjonsskader i bekkar og mindre elvar.

Det beste rådet er at ein på førehand reinsar stikkrenner, kummar og andre vassvegar for snø/is, jord og grus, kvist og lauv, slik at vatnet kan renna uhindra der det vanligvis renn.

Det kan og vera lurt å flytta verdier bort frå utsette område som til dømes kjellarar. Det skriv NVE på varsom.no.