Samanstøyt: Politiet opplyser at ein bil skal ha køyrd på ein hjort på Hatvikvegen laurdag kveld.

Høyrde du skot i Hatvik-området laurdag? Dette er årsaka

Politiet opplyser at årsaka til at det blei fyrt av skot, er at ein hjort måtte avlivast.

Det skal laurdag kveld ha vore ein samanstøyt på Hatvikvegen mellom ein bil og ein hjort.

Politiet melde om dette på X, tidlegare Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uhellet skal ha ført til store materielle skader på bilen. Hjorten skal også ha blitt skadd i samanstøyten.

— Viltnemnda blei varsla, rykte ut og fann hjorten skadd i ein hage i nærleiken. Hjorten blei avliva på staden, til opplysing, om nokon høyrde skot i området, skriv politiet.