Har avslutta tilsynet. Meiner barnevernstenesta har gjort nødvendige endringar
Det går fram av eit brev frå Statsforvaltaren i Vestland.
I februar 2023 gjennomførte Statsforvaltaren i Vestland tilsyn med barnevernstenesta i Bjørnafjorden. Tilsynet var del av eit landsomfattande tilsyn i regi av Statens helsetilsyn der temaet var oppfølginga av barn i fosterheim.
I Bjørnafjorden avdekte tilsynet lovbrot knytt til leiinga sin kontroll med oppfølging av barn i fosterheim og barns medverknad. Kommunen vart beden om å utarbeida ein plan for retting av lovbrota. Denne vart sendt til Statsforvaltaren i Vestland i midten av april.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Av planen gjekk det fram at det vart sett i verk tiltak knytt til organisering, leiing, dokumentasjonsplikt og barns rett til medverknad. Nye rutinar for arbeidet var lagt ved. Vidare gjekk det fram korleis leiinga skulle følgja med på om tiltaka hadde effekt slik at praksis vart i tråd med lovkrava, går det fram av Statsforvaltaren si oppsummering av korleis lovbrota vert følgt opp.
– Tiltaka er eigna til å retta opp i lovbrota
I juni og oktober gjennomførte Statsforvaltaren i Vestland oppfølgingsmøte med barnevernstenesta og leiinga i kommunen.
– Når det blir fastslått lovbrot, skal Statsforvaltaren følgja opp tenesta fram til praksisen som førte til lovbrot, er endra. Vi meiner barnevernstenesta har gjort nødvendige endringar for å sikra at oppfølginga av barn i fosterheim blir gjennomført planmessig og at arbeidet blir dokumentert i tråd med lovkrava, går det fram av brevet frå Statsforvaltaren av 25. oktober.
Ut frå dei endringane som er sette i verk, meiner Statsforvaltaren at tenesta legg til rette for at barn får medverka i tråd med regelverket og at barn sine meiningar vert dokumenterte. Vidare meiner statsforvaltaren at tenesta har etablert rutinar som gjer at arbeidet vert planlagt og leiinga følgjer med på at arbeidet vert gjort i tråd med regelverket og tenesta sine rutinar.
– Samvær vert vurdert og justert i tråd med utviklinga i saka og barnet sitt behov. Det blir gjort vurderingar av gjenforeining og desse vert dokumenterte i barnet sin journal, heiter det.
På bakgrunn av desse vurderingane avsluttar Statsforvaltaren i Vestland tilsynet utan vidare oppfølging.
– Vi meiner tiltaka som er sette i verk har vore nødvendige og er eigne til å retta opp i lovbrota. Tenesta har god oversikt over arbeidet og leiinga har kontroll med at barn får nødvendig hjelp og oppfølging i tråd med målet for opphaldet og sine behov. Det er etablert felles rutinar for arbeidet slik at kontaktpersonane er kjent med kva rutinar som gjeld, og alle er kjent med kva krav som ligg i arbeidet med å planleggja, justera og vurdera oppfølgingsarbeidet, skriv Statsforvaltaren i brevet.