Nok eit tilfelle av ungdomsran i Os. Denne gongen med kniv
Fredag kveld vart det meldt om eit knivran i Os sentrum.
Episoden skal ha funne stad ved bussterminalen i Os sentrum i 18.40-tida. I melding frå vakthavande på politistasjonen på Moberg, vert det opplyst at totalt tre personar skal ha vore involverte i saka. To av desse har no status som mistenkte i straffesak.
Alle dei involverte er mindreårige. Den eine er under strafferettsleg alder.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den fornærma er ikkje meldt fysisk skadd etter hendinga.
Feststøy og ruskontroll
Resten av helga gjekk noko lunde roleg for seg i Os. Natt til søndag vart det meldt om feststøy frå ei privat adresse utanfor sentrum. Politiet drog til bustaden og bad huseigar dempa musikken.
Søndag vart det gjennomført promille/rus-kontroll ved Tømmernes på gamle E39. Sjåførar på veg i begge retningar vart kontrollerte. Ti bilar vart kontrollerte. Ingen av bilførarane blåste til raudt.
I 12.50-tida vart det avskilta ein bil utanfor Os sentrum grunna manglande periodisk køyrekontroll.