Klare: Jean Pierre Nkubito, Yalda Ragbar, Bibi Wida Faqirzada og Niyonzima Albert utanfor Permanenten i Bergen klare for å levera tre peparkakehus.

Laga peparkakehus og sikra seg billettar til Pepperkakebyen

For fleire av våre nye flyktningar har dugnad og juletradisjonar stått på programmet dei siste vekene.

— I introduksjonsprogrammet vårt har 20 av våre nye flyktningar hatt fokus på «dugnad» og tradisjonar. Då fann me ut at det passa svært bra å utfordra dei på å laga peparkakehus, fortel avdelingsleiar for flyktningtenesta i Bjørnafjorden, Marita Hjelle.

Ho kan fortelja om god stemning under arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me laga tre peparkakehus her i kontora våre i Sælen-bygget. Dei som bidrog hadde aldri sett peparkakehus før, så dette var nytt og spennande for dei, fortel Hjelle.

Større: Fire tok turen denne gong. Når peparkakebyen opnar, blir delegasjonen frå Bjørnafjorden langt større.

Større delegasjon neste gong

Sist fredag var fire av flyktningane på bergenstur for å levera Bjørnafjorden kommune sitt bidrag til peparkakebyen i Bergen, som i år blir å finna i Permanenten, Kode sitt bygg i Nordahl Bruns gate.

— Mange var opptekne med språkpraksis den dagen, så då var det fire som fekk høve til å reisa. Det var Jean Pierre Nkubito og Niyonzima Albert frå Kongo og Yalda Ragbar og Bibi Wida Faqirzada frå Afghanistan. Dei syntest det var kjempemoro å sjå og gler seg til å reisa ned igjen når Pepperkakebyen vert opna seinare i november, fortel Hjelle.

Ho legg til at dei då planlegg å reisa ein stor delegasjon frå Bjørnafjorden.

— Fram mot jul skal me også syta for at flyktningane får prøva seg på fleire dugnadsoppdrag, der tema er juletradisjonar, seier Hjelle.