Vil bli stengd: Fusavegen var stengd under arbeidet med å berga semitraileren.

Fusavegen er opna for trafikk

Vegen var steng i ein lengre periode måndag som følgje av berging av ein semitrailer som hadde køyrd utfor.

Litt før klokka 17.00 opplyste politibetjent Kjartan Svendsen at vegen igjen var open for trafikk.

Tidlegare måndag køyrde ein semitrailer utfor vegen og hamna i grøfta. Dette skjedde i 80-sona ved Flulia på Fusavegen, i retning Eikelandsosen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet har sidan dirigert trafikk på staden. Semitraileren stod litt farleg til i ein sving.

Det måtte to tungbilbergarar til for å berga køyretøyet. I samband med dette arbeidet var vegen heilt stengd.

— Eg har nett snakka med dei. Dei seier at det kan ta under ein time, og det kan gå meir enn ein time. Det er litt vanskeleg å seia, fortel politibetjent Kjartan Svendsen.

Vidare var stengd frå klokka 15.35 til like før kl 17.

— Det kjem ei ferje frå Hatvik, som er på Venjaneset kring klokka 15.22. Vi vil sleppa ferjetrafikken forbi, før vegen blir stengd, opplyste Svendsen i 15-tida.