Møtte lastebil: Føraren skal ha forsøkt å bremsa ned i 80-sona då ein lastebil kom mot, og hamna så i grøfta.

Semitrailer har køyrd delvis av vegen: – Det er ganske glatt på staden

Politiet opplyser om trafikkuhell måndag ettermiddag.

OPPDATERT Kl. 15.05: Semitrailaren står framleis på staden. På X - tidlegare Twitter - skriv politiet at det må to tungbilbergarar til for å berga køyretøyet. Politiet dirigerer trafikken inntil.

Klokka 12.05 blei det meld om eit trafikkuhell ved Slåttaneset, Fusavegen. Der skal ein semitrailer ha køyrd delvis av vegen. Politiet opplyser at køyretøyet står litt farleg til i ein sving i retning Eikelandsosen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal ifølgje politiet vera glatt på staden. Det vert vidare opplyst at det er bestilt bilbergar og at det er manuell dirigering på staden.

Politistasjonssjef i Fusa, Terje Sperrevik, fortel at det er eit utanlandsk køyretøy som har fått problem på glatta på Fusavegen.

— Patruljen er på staden og dirigerer trafikk. Redningsbil er på veg. Lastebilen skal ha møtt ein annan lastebil før ein sving. Bilen som har hamna delvis utforvegen, skal ha forsøkt å bremsa, men segla ut av vegen, fortel Sperrevik og legg til at dette er skjedd på strekket mellom Øpstad og Kvåle.

Politibetjent Kjartan Svendsen er på staden, og står i skrivande stund og dirigerer trafikk.

— Det er ganske glatt på staden. Ein kan gjerne vera merksam på at det er glatte parti lokalt. Semitraileren har vinterdekk på, seier Svendsen.

Det kan bli manuell dirigering ei god stund.

— Det kan fort gå nokre timar. Det er ikkje tungbilbergar i distriktet, så dei kjem langvegsfrå.

Uhellet fann stad i 80-sona, ved Flulia, fortel Svendsen.