– Mottoet er å "bjuda på" med fine melodiar, lått og løye
Tilslørte bondepiker sin konsert i Oseana søndag byr på skråblikk på dei mange overgangane i livet.
Tilslørte bondepiker er ei vokalgruppe med lang erfaring frå kor og musikkliv frå felles oppvekst i Os.
– Mottoet er å "bjuda på" med fine melodiar, lått og løye, fortel Karianne Maltun.
Artikkelen held fram under annonsen.
Damene, i tett samarbeid med dirigent Kristine Bjånes og Knut Vidar Garlid på piano, har hatt ulike musikalske prosjekt i snart 10 år, og opplever å ha treft blink med konseptet "humoristisk vokalgruppe med bonderomantisk vri".
– Dei grøne felleskjøpet-kjolane har blitt eit kjend varemerke, og sjølv om damene er godt over alder til å kunna kalla seg "bondepiker", passar kjolane framleis, og er like fulle av fjør, glitter og stas, smiler Maltun.
Ho fortel at antrekk, utrykk, snakkestikk og scenografi ikkje blir tatt lett på når bondepikene skal opptre.
– Kreativiteten boblar og det er ikkje alltid like lett for dirigenten å få arbeidsro.
Tilslørte bondepiker har hatt fleire oppdrag frå tidlegare Os kommune, Felleskjøpet, privat næringsliv og private som ønskjer å gje ein song eller to i gåve til ein jubilant.
– Det synest vi er utruleg kjekt, og kvart oppdrag blir spesialtilpassa.
Kanskje ikkje overraskande har konsertane til bondepikene alltid ein vri, og ein tittel som gjenspeglar tema for konserten, td. "Liv i løo", "Humørswing og heite taktar" og no "Overgangsvinduet".
Tema for konserten i Oseana søndag kveld er eit skråblikk på dei mange overgangane i livet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Repertoaret famnar både vidt og breitt, høgt og lågt. Vi gler oss veldig og håpar vi framleis "held koken".