Opprørt: Ein mann skal ha vore opprørt etter eit brot med sambuaren, og skal i samband med dette ha fått eit kutt i ein finger.

Fekk melding om rusa, blodig mann

Politiet rykte ut til ei adresse i Os sentrum søndag ettermiddag.

Kring klokka 14 søndag rykte politiet ut til ein bustad i Os sentrum. Det skal ha kome inn melding om ein rusa og blodig mann.

— Det viste seg at mannen hadde kutta seg i ein finger, mogleg frå eit glas, og at han var lei seg etter eit brot med sambuar, skriv politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv Lyssand at politiet snakka med partane, og at dei var rolege og ville ordna opp sjølv.

— Mannen ville ta kontakt med legevakta dersom det var naudsynt. Politiet reiste frå staden utan å oppretta sak, skriv Lyssand.