To hjul ramla av lastebil: — Verken gåande, beitande eller køyrande blei trefte
Førar skal ha høyrd ein lyd og innsett at noko ikkje stemde.
Onsdag ettermiddag fekk politiet melding om køyretøystans i Kolskogen. Ein lastebil har ifølgje politiet kome køyrande frå Bergen på E39, og på avkøyringsrampa ved Kolskogen skal føraren ha høyrd ein lyd.
— Det var to hjul på fremre bakaksling som hadde ramla av. Verken gåande, beitande eller køyrande blei trefte. Det var noko olje i vegen. Lastebilen blei parkert utanfor vegbanen, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare skriv Lyssand at Vegtrafikksentralen blei varsla og at dei sette opp skilt for glatt vegbane etter rydding på staden. Lyssand legg til at det ikkje er oppretta sak.