Vegstenging: Førarar skal ha forsøkt å koma seg forbi sperringar og å snu i Lepsøykrysset, då vegen var stengd her onsdag, opplyser politiet.

Her oppstod fleire trafikkfarlege situasjonar. Politiet bed førarane gå i seg sjølve

— Kva er det som gjer at førarar, som mest sannsynleg har førarkort, opptrer på denne måten i trafikken?

Politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon, bed sjåførar gå i seg sjølve og tenkja over det dei gjorde i Lepsøykrysset onsdag formiddag — og syta for at det ikkje skjer igjen.

Vegen blei stengd ved Lepsøykrysset onsdag då tre velta og sperra vegen. Politiet vil koma med ei oppmoding til trafikantane etter observasjonar gjort på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vis omsyn til skilt og sperringar. Denne gongen politibil og brannbil. Det var fleire bilistar som forsøkte å koma forbi sperringane på staden, ved å forsøka å snu på Halhjemsvegen, ved å rygga frå Halhjemsvegen inn i Lepsøykrysset, skriv Lyssand i ein e-post.

Vidare skriv ho at ein sjåfør forsøkte å køyra på innsida av ein brannbil, medan ein annan forsøkte å køyra i venstrefeltet i Lepsøykrysset for å koma seg til Lekvenmarka.

— Det oppstod fleire trafikkfarlege situasjonar på staden. Politiet bed sjåførane gå i seg sjølve og tenkja over kva dei gjorde, skriv Lyssand.

Eit par timar tidlegare onsdag, gjorde politiet hyggelegare observasjonar ved Lepsøykrysset. Då var det «åtferdskontroll» ved stoppskiltet. Der fann ikkje politiet noko å reagera på.

Politiet hadde onsdag morgon promillekontroll på Halhjem ferjekai. 44 førarar blei kontrollerte. Ingen reaksjonar, opplyser Lyssand.