Fotballkamp avlyst: — Måla fauk av garde
Deretter vart forsøket på å flytta kampen frå Kuventræ til Søre Neset stoppa av eit velta tre.
— Det er fyrste gongen eg har opplevd at vi må avlysa ein kamp på grunn av vind, seier trenar Stian Kvåle.
Onsdag skulle 5. divisjonslaget Os 2 ha teke imot Ny-Kronborg på Kuventræ.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Men måla fauk av garde, så det var rett og slett ikkje forsvarleg, fortel Kvåle.
Det var BA som fyrst skreiv om saka.
— Vi prøvde å flytta kampen til Søre Neset, der banen ligg meir i le enn på Kuventræ.
Men der låg eit velta tre på E39 og stengde vegen.
Dermed var det ein slukøra gjeng som måtte reisa heim med uforretta fotballkamp.
— Ja, det var litt blanda drops kva gjeld humøret, trur eg, seier Kvåle.
Kampen blir truleg spelt på eit seinare tidspunkt.