Politiet åtvarar: – Ikkje trykk på lenka
– Dette er ikkje frå politiet.
På X – tidlegare Twitter – skriv Vest politidistrikt at dei har motteke fleire meldingar frå publikum om at dei får tekstmelding frå «politiet».
I meldinga skal det liggja ei lenke.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er ikkje frå politiet. Ikkje trykk på lenka. Dette blir sett på som eit svindelforsøk, skriv politiet på X.
Os & Fusaposten har vore i kontakt med politiet i Bjørnafjorden. Dei som svarar publikum ved politistasjonen, har ikkje registrert tilsvarande meldingar her lokalt dei siste dagane.
Til NRK seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik, at politiet ikkje sender ut slike meldingar.
– Det er openbert eit svindelforsøk. Ikkje trykk på lenka. Ignorer ho, seier han.