Stengd: Vegen mellom Eikelandsosen og Fusa vart stengd grunna trevelt.

Fusavegen vart stengd grunna trevelt

Vegtrafikksentralen Vest opplyste onsdag ettermiddag at vegen var stengd mellom Eikelandsosen og Fusa.

OPPDATERT klokka 13.23: Treet er fjerna, og det er no fri ferdsle.

Fylkesveg 552 Fusa vegen er stengd mellom Fusa og Eikelandsosen, skriv vegtrafikksentralen på X — tidlegare Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen er ifølgje meldinga stengd ved Stølsneset, då eit tre har velta over vegen.

Det vert vidare opplyst at entreprenør er på veg for å rydda opp.