Nokon kasta fyrverkeri i ein Fretex-container
Brannvesenet måtte rykka ut, men politiet har ikkje oppretta straffesak.
I 23-tida laurdag kveld fekk politiet melding om at det var kasta fyrverkeri i ein Fretex-container på Søfteland.
Det kom røyk frå containeren, og Bjørnafjorden brann og redning fylte difor denne med vatn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet opplyser at dei ikkje har ikkje informasjon om potensielle gjerningspersonar. Det er heller ikkje oppretta straffesak, men forholdet vil bli følgt opp av politiet i «det førebyggjande sporet».