Kontroll: Her frå ein tidlegare kontroll på kontrollplassen langs Halhjemsvegen.

Fleire kontrollar i helga. Ny runde på Halhjemsvegen.

Klokka 22 stilte politiet seg opp i Os sentrum.

24 førarar vart kontrollerte av UP laurdag kveld, men ikkje ein einaste vart mistenkt for ruskøyring.

Det vart derimot føraren som i 3-tida natt til søndag vart stoppa i Hagavik. Mannen i 20-åra mista førarkortet sitt og vart meld for køyring i ruspåverka tilstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag i 16-tida køyrde ein mann i 70-åra bilen sin på ein fortauskant i Byvegen i Os.

Vegen vart delvis stengd, og politiet hjelpte til med manuell dirigering.

Det er ikkje mistanke om noko straffbart, og det er ikkje oppretta sak.

Same kveld i 18-tida, hadde UP laserkontroll på Halhjemsvegen. Det resulterte i 11 forenkla førelegg der høgste fart var 87 km/t i 70-sona.

Ein motorsyklist fekk gebyr fordi skiltet hadde feil vinkel.

Hjort

Politiet fortel også at dei har fått fleire meldingar om hjort langs tunnelane på E39. Seinast laurdag kring klokka 23 vart ein hjort påkøyrd ved Skogafjellstunnelen.

— Alt er ok med føraren og ettersøksringen er varsla. Vi ber publikum vera på vakt for vilt i vegen når dei køyrer, seier vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.