Trur ikkje det: - Me kjenner det ikkje som det kjem nokon utanfrå. Me trur ikkje det vil snu opp ned på skulen.

Den sakna stemma

Vi er vane med og gler oss over å ta i mot elevar frå ulike grender i kommunen og ulike land i verda.

Nils Kolle saknar røysta til dei som soknar til Eikelandsosen barneskule. Det er av og til vanskeleg å uttale seg utan at andre kjenner det som ein tar eit standpunkt til. Me vil difor påpeike at når me no uttaler oss, er det for å svare Nils Kolle, og ikkje for å ta eit standpunkt i skulenedleggingssaka.

Les også
Eikelandsfjordingar - kor er de?

Nils Kolle spør «kva me synest om å få alle desse borna utanfrå, frå Fusa og Holmefjord/Boga? Dette vil snu opp ned på skulen i Fjorden slik me kjenner den i dag».

Artikkelen held fram under annonsen.

Me kjenner det ikkje som det kjem nokon utanfrå. Me trur ikkje det vil snu opp ned på skulen. Tvert om trur me det vil skapa eit større miljø for borna våre - både fagleg og sosialt.

På idrettsarenaer i kommunen ser me at borna trivst på tvers av bygder og grender. Dei jublar saman og for kvarandre, både på fotball, turn, dans og handball. Denne positive samhandlinga trur me også skjer om dei går på same skule.

Eikelandsosen barneskule er van med og gler seg over å ta i mot elevar frå ulike grender i kommunen og ulike land i verda. Det skal me fortsetja med.

FAU Eikelandsosen barneskule