Ansvar: No ser det ut for at skulesektoren får svi sidan opptak av lån dei siste åra har vore for store og framleis er for store. Kven sitt ansvar er det?

Skal ein på nytt senda elevane på Fusa skule til Eikelandsosen?

Igjen må innbyggjarane i Fusabygda og Skjørsand engasjera seg i ei skulesak.

På slutten av 1960-talet: Elevar vart sende med buss til Eikelandsosen skule.

I 1977: Dugnads-start for å få bygd gymnastikksal ved Fusa skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

1978: Nytt ferjeleie på Venjaneset

I 2023: Kamp for å behalda skulen på Fusa.

Skal ein på nytt senda elevane på Fusa skule til Eikelandsosen?

Igjen må innbyggjarane i Fusabygda og Skjørsand engasjera seg i ei skulesak: Fusa skule er ein av skulane i Bjørnafjorden kommune som det no er kome framlegg om å leggja ned.

1,5 milliardar i lån

Kvifor? På eit ope orienteringsmøte i samfunnshuset den 20. september vart det opplyst at Bjørnafjorden kommune har 1,5 milliardar i lån. Og nokre kommunale skular både i Fusa og Os som skal , etter framlegg vera med å nedbetala skulda, med andre ord: Nokre skular vert føreslegne nedlagt.

Lang bussreise

På slutten av 1960-talet og starten på 1970-talet, reiste elevar i 4. til 6.klasse frå Fusa skule til Eikelandsosen skule, for å få undervisning i forming, gymnastikk og engelsk. Dette vart gjennomført fordi det ikkje var lokale på Fusa skule og vanskeleg å få lærar i engelsk.

Denne ordninga var både elevar og foreldre misnøgde med. Elevane var både bilsjuke og trøytte etter slik reise. Foreldra såg at ei slik ordning ikkje var god nok. Etter sterkt ynske frå foreldra, gjekk kommunen vekk frå denne ordninga. Dette var positivt for bygda. Ikkje lenge etter var firmaet Frank Mohn i ferd med å etablera seg på Venjaneset.

Fusa samfunnshus vart bygd

Bygda, i samarbeid med kommunen, vart på slutten 1970-talet, samde om å byggja eit samfunnshus som kunne løysa romproblema for skulen. Skulen mangla gymnastikksal. Kommunen hadde kontakt med fylket om lån, men det var håplaust sidan Fusa låg på 22. plass for låneopptak. Det ville ta årevis før ein kom i prioritet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit godt samarbeid mellom bygdafolk, samarbeidsutvalet ved Fusa skule, skulestyret, kommunestyret og til slutt låneopptak som gjekk i orden. Samfunnshuset sto ferdig tidleg i 1980, til glede for alle.

Nytt ferjeleie på Venjaneset i 1978

Skulekrinsen fekk eit nytt problem då ferjeleiet vart flytta frå Fusavika til Venjaneset. Trafikken forbi skulen auka svært mykje. Det vart ein ny kamp for bygda for å flytta vegen vekk frå skulen. Dette førte til at vegen vart flytt vest for skulen.

Etter direkte kontakt med fylkesmannen i Hordaland ordna det seg, og motorlyd frå store og små bilar rakk ikkje inn i klasseromma. Og borna fekk ein mykje tryggare skuleveg . Dette vart ei positiv utvikling for heile skulemiljøet.

Frå Fusa skule til Eikelandsosen skule

Det vil seia at borna i grunnskulen skal vera med å betala skulda, ved å senda dei til annan skule. For Fusa og Skjørsand sitt vedkomande skal borna sendast med skulebuss og hentast til og frå Eikelandsosen.

I Os & Fusaposten har me lese at Baldersheim skule er «freda» sidan avstanden til Eikelandsosen vert for lang og krevjande for elevane. På orienteringsmøtet den 20. september kom det fram at avstanden frå Håvik til Eikelandsosen skule, er minst like lang. Burde ikkje kommunen behandla elevane likt når avstanden vert så stor?

Det må òg nemnast her at til saman sju elevar i Håvik/Strandvik og Vinnes går på Fusa skule. Det vert hardt for dei å reisa så langt kvar skuledag.

Kva kostar skuleskyssen ? Kva sparar ein ved å leggja ned Fusa skule?

Det er frå administrasjonen ikkje lagt fram innsparingstal ved eventuell nedlegging av Fusa skule og Ådlandsfjorden skule, og utgifter som skuleskyssen fører med seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkesveg 552 Os-Eikelandsosen

Og med det same: Bjørnafjorden kommune har i lengre tid hatt fokus på fylkesveg 552 Os-Hatvik. Det er i frå Fusa sendt inn til kommunen at ein må sjå på utbetring av heile fylkesvegen Os-Eikelandsosen.

Trafikken Eikelandsosen-Venjaneset har auka mykje etter at tunellane i Os retning Bergen er tekne i bruk. Det er òg sett fram krav politisk om å auka kapasiteten mellom Venjaneset og Hatvik slik at bilar skal sleppa å venta.

FV 552 mellom Venjaneset og Eikelandsosen er av dårleg kvalitet på ein del strekningar: Skarpe svingar ein del stader, framleis smal veg, svake vegkantar og sist men ikkje minst: Dårleg vegdekke på ein del strekningar, humpete slik at passasjerar i bil og buss lett får ubehag. Kva med skuleborna på slik ein veg?

Og sist, men ikkje minst: Kven syter for at bilbelta kjem på elevane på rett måte? Og kven syter for at ikkje mobbing på bussen skjer?

Skulesektoren får svi!

I kommunalpolitikken er det mange menneskeleg omsyn å ta: Skule, barnehage, helse og omsorg er fire viktige område i ein kvar kommune. No ser det ut for at skulesektoren får svi sidan opptak av lån dei siste åra har vore for store og framleis er for store. Kven sitt ansvar er det?

Me veit òg at helse og omsorg slit med sitt. Alt i oktober i 2022, kom det signal i Os & Fusaposten om at store nedskjeringar ville bli gjennomført i Bjørnafjorden kommune i 2023 og 2024, også for skulesektoren.

Unge foreldre til Fusa

På nemnde orienteringsmøte den 20. september var det gledeleg og høyra unge foreldre opplysa om at dei relativt nyleg var flytt til Fusa. Ein av dei syntest det var ille at skulen stod i fare for å bli nedlagt. Det fekk han fyrst vita etter flyttinga.

NB: Er det nokon som trur at folketalet i Fusa og Skjørsand aukar dersom Fusa skule vert lagt ned?

Artikkelen held fram under annonsen.

Syt for at det kan kjøpast tomtar på Fusa-sida av fjorden!

Ein annan person hadde prøvd å få seg ei hustomt i Fusa/Skjørsand. Det var for han ikkje mogeleg. Difor ei oppmoding til politikarane i Bjørnafjorden kommune: Syt for at det òg kan bli tomter til sals for folk på vår side av fjorden og; ikkje berre på Os-sida.

Leggja til rette for dei få tomtene som er ledige, slik at dei kan bli selde.

Sæbjørn Tveit

Hans Ekeberg