To bjørnafjordingar i aksjon for Noreg måndag
Både Linnea Sælen og Nora Blindheim Nøss fekk speletid for Noregs jenter 19-lag då dei slo Island måndag.
Det nye jenter 19-landslaget til Noreg har hatt samling på Austlandet dei siste dagane. Her har dei delteke i ei trenasjoners-turnering med Island og Sverige.
For dei norske jentene vart det siger i turneringa. Torsdag slo dei Sverige 2-1. Måndag føremiddag var det Island som fekk unngjelda. Dei raude, blå og kvite slo dei islandske jentene 3-1.
Artikkelen held fram under annonsen.
Linnea Sælen starta kampen mot Island. Nora Nøss Blindheim kom innpå.
Miniturneringa er ein del av førebuingane til jenter 19-lagets EM-kvalik som startar i Finland i oktober. Då møter dei Tyskland, Israel og Finland.