Kunstnar og tidlegare lokalpolitikar har lese partiprogramma og er lite imponert
No har Bente Dankertsen eitt konkret ønske for den neste fireårsperioden.
— Ja, eg veit det er lite midlar i kommunen, men kultur er ein viktig del av eit samfunn og det bør også leggjast til rette for kultur i kommunal regi. Dei kan ikkje overlata alt til kommersielle aktørar, seier Dankertsen.
Ho har vore utøvande kunstnar i heile sitt liv og har den siste tida vore del av kunstnarkollektivet Atelier Mobergsbakken 87. Lokalpolitikken har ho engasjert seg i i mange år.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Som representant for SV, sat eg i kommunestyret i Fusa over to periodar. Sjølv om eg ikkje direkte er involvert i lokalpolitikken lengre, følgjer eg godt med og er veldig oppteken av utviklinga i samfunnet, slår 65-åringen fast.
Lågterskelarena
Ho meiner det er utfordrande for utøvande kunstnarar, vera seg amatørar eller meir erfarne, å få vist fram kunsten sin lokalt.
– Utstillingar i Oseana er for inviterte kunstnarar. Mange kunne ønskt seg å stilla ut der, men det nålauget er trongt.
Galleri Vedholmen og Vognhallen er andre lokale alternativ som ho har stor sans for, men begge stader krevst det midlar for å få stilt ut verka sine.
— Atelier Mobergsbakken 87 skal ha utstilling i Vognhallen neste vår. Det blir fint, men det kostar å leiga plassen. I tillegg må me betala 20% prosent av salet og vera tilstades sjølve under heile perioden, fortel Dankertsen.
Ho kunne ønskt seg eit lokale der unge up an coming-kunstnarar og andre utøvarar kan visa fram kunsten sin.
— Kall det gjerne eit lågterskeltilbod. Kunne ein fått til ei form for støtte til leiga i Vognhallen, hadde det løyst mykje av problemet. Lokalet er prima for kunstutstillingar, seier ho.
Bente minnar om tidlegare Galleri Oz i det gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ein slik plass saknar me. Kvifor forsvann det tilbodet, undrar Dankertsen.
– På Fusa-sida har me berre ein vegg i Capri-restauranten på senteret. Me hadde trengt ein plass å visa fram god, lokal kunst også her, seier Dankertsen.
– Kultur knapt nemnd
Med kulturbriller har ho gått gjennom alle lokalpartia sine partiprogram før det komande kommunevalet. Ho finn ikkje mykje som gjev ho tru på ei ny og frisk kulturell satsing.
— Eg må seia at eg er skuffa. Ordet kultur er nesten fråværande, og dei få gongene det blir nemnd, er det i samband med støtte til ein festival eller noko i den dur, sukkar ho.
Dankertsen synest det er leit at partia i kommunen ikkje ser verdien av kva ei god og brei kulturell satsing betyr for samfunnet.