Til sides: — Naturen og dei “mjuke” interessene vert glatt sett til sides når prioriteringane byrjar å kosta.

Aldalen: Natur og naboar skal ikkje setjast på sidelinja

Engasjementet i Aldal-saka viser kva som skjer når fagre ord forblir berre dét, og omsynet til natur og friluftsinteressene tapar.

Det er planar om ei massiv utviding av Bolaks sitt oppdrettsanlegg i Aldalen i Samangerfjorden. Eksisterande anlegg må flyttast, og så blir det søkt om ei firedobling av arealet i same slengen.

Den politiske prosessen så langt

Aldalden har vore på sakskartet i Plan-, bygg- og miljøutvalet (PBMU) fire gonger. Kvar gong har vi i Bjørnafjorden MDG minna administrasjonen og resten av utvalet på kva viktige verdiar som står på spel i denne saka: Natur, biologisk mangfald, miljørisiko og allemannsretten, for å nemna noko.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naboar og andre som brukar fjorden til dagen uroar seg for konsekvensane av den omfattande utvidinga. Alt i dag opplever dei forringa natur, dårlegare vasskvalitet og sterkt reduserte fiskefangstar i fjorden. MDG har jobba for å redusera konsekvensane av planen i PBMU:

* I april 2022 bad vi kort og godt om at saka vart sendt attende då det “[ …] ikkje kan gjevast løyve til å auke arealet frå 27 til 110 dekar.”

* I juni 2022 og januar 2023 fremja vi følgjande innstramming til planprogrammet: “Den varsla utvidinga av oppdrettsanlegget er for stor og bidrar til uforholdsmessig sterkt arealpress frå akvakultur i området. Området vert innskrenka i tråd med prinsippa for berekraftig arealbruk slik at det ikkje bandlegg meir areal enn det som trengst for å oppretthalda gjeldande MTB.”

* I juni 2023 behandla utvalet planforslaget (det som no ligg på høyring). Då argumenterte vi igjen for reduksjon, og fremja følgjande: “Reguleringsføremål akvakultur skal ikkje beslagleggje eit større areal enn det som er naudsynt for sjølve anlegget og sikringssona rundt.”

Fråværande: Støtta frå dei andre partia vore nærast fråverande. Berre SV (og KrFs vararepresentant) har stemt med oss.

Støtta frå dei andre partia vore nærast fråverande. Berre SV (og KrFs vararepresentant) har stemt med oss. Ap, Sp, H og Frp har ikkje hatt noko å innvenda til omfanget av planen. Dei står dermed ansvarlege for det som ligg ute på høyring til 4. september. Valet står for tur, og etter alt å døma blir det det nye kommunestyret som skal avgjera saka.

Berekraftig forvalting er berebjelken i samfunnsdelen til arealplanen som Bjørnafjorden kommune styrer etter. Veldig enkelt forklart betyr det at vi er pålagt å gjera ei heilskapleg vekting så naturverdiane ikkje taper meir terreng for næringsinteresser og utbygging.

Kan få konsekvensar i mange tiår

Aldal-saka viser at det er langt frå fagre ord til faktisk handling hos det store fleirtalet av parti. Naturen og dei “mjuke” interessene vert glatt sett til sides når prioriteringane byrjar å kosta.

Det spelar ei rolle kva parti og personar som sit i utvala. Vedtaka gjort gjennom fire år kan få konsekvensar i mange tiår. Det meste av politikk går ikkje føre seg i dei få vekene rett før eit val.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi i MDG lovar at vi alltid jobbar til det beste for dei som er her no, og for dei som kjem etter oss. For alle, for alltid.

Nils-Anders Nøttseter

1. kandidat

Bjørnafjorden MDG

Marie Hauge

2. kandidat

Bjørnafjorden MDG