Ein god konservativ verdi er at det må såast før det kan haustast
Konservativt vil arbeida for at industri og næringsliv har best mogleg forhold i Bjørnafjorden.
▪ Vi vil ikkje innføra eigedomskatt på bruk og verk som skattesats inntil 7 promille på taksert verdi til verksemdene, ei heller på private eigedomar.
▪ Konservativt vil arbeida for å fjerne formuesskatt, ein skatt på framtidig velferd.
Artikkelen held fram under annonsen.
Konservativt vil mellom anna arbeida for:
▪ At fallrettar som Bjørnafjorden kommune eig i Matlandselva, blir nytta til ålmentas beste.
▪ Realisering av Samnøy hamn.
▪ At manglande veg mellom skogsveg og fylkesveg på Revne på Baldersheim blir planlagd og utført.
▪ Etablering av næringsområde på Baldersheim.
Konservativt vil på sentralt hald arbeida for betre utnytting av vasskrafta vår og forbetringar i straumnett.
Konservativt går mot vindkraft.
I ein debatt 24. august arrangert av Bjørnafjorden Næringsråd utfordra underteikna dei andre partia med følgjande innlegg:
Artikkelen held fram under annonsen.
Prisforskjell: Grense NO2 og NO5 går midt i fjorden mellom tidligare Fusa og tidligare Os. Industrien manglar strøm pga elektrifisering av sokkelen og utenlandskablar. Sp starta denne prosessen i 1995 med Reiten-utvalet (Salgsvare). No er Ap i front med Høgre som heiar på, og med Terje Søviknes som Acer sin far…. Kva vil dei nemnte partia gjera med dette?
Det var ingen av debattantane som ynskte å kommentera dette.
Eg finn det merkeleg at ingen av dei sentrale politikarane vil kommentera dette. Den aktuelle dagen var prisforskjellen ca 1 krone mellom Fusa-sida og Os-sida av kommunen.
Det er svært viktig for næringsliv og vanlege folk at dette blir endra på slik at me får kontroll på energiprisane i kommunen og landet vårt.
Det blir lite å hausta av når næringsliv må leggja ned eller går konkurs som følgje av høge energiprisar på toppen av formuesskatt og eigedomsskatt. Skal me leva av trygd alle?
Kva vil politikarar frå Frp, Høgre, Ap, Venstre og MDG, som stemte for å «selja arvesølvet» (Acer-avtalen) vårt, gjera for å retta på dette forholdet?
Eigedomsskatt
Slik eg tolkar valkampen, er Sp og KrF på visse vilkår villige til å innføra eigedomsskatt. I Konservativt meiner me at folk før valet har krav på å vita:
* Kva skal til for at KrF vil røysta for å innføra eigedomsskatt i Bjørnafjorden?
Artikkelen held fram under annonsen.
* Kva skal til for at Sp vil røysta for å innføra eigedomsskatt.?
Konservativt er garantisten for at det ikkje vert eigedomsskatt i Bjørnafjorden kommune dei neste fire åra.
Rune Samnøy
1. kandidat
Konservativt