Skatt: Austom Bjørnafjorden har stortingspolitikarane allereie innført ein skatt, som for dei aller fleste med hus, vil verta på minst 7.500 kr per år.

Straumskatt: Kven har skulda for rotet?

Kvifor brukar politikarane i B.fj (bjeff) kommune tida på diskutere om dei skal innføre eigedomsskatt?

Austom Bjørnafjorden har stortingspolitikarane allereie innført ein skatt, som for dei aller fleste med hus, vil verta på minst 7.500 kr per år.

Det har dei gjort ved å laga eit system for prising av elektrisk energi som går ut på at den regionen som produserer mest energi, skal også betale mest per kwt for eige forbruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kven har skulda for rotet?

I den grad nokon i NVE/Statkraft/Statnett eller OED tenkjer ein tanke, går det i snitt 10 år før noko vert gjort.

Dei 10 siste åra har vi hatt åtte år med Høgre/Frp og to år med Ap/Sp.

Les også
En rettferdig strømpris for alle i Bjørnafjorden kommune

Frp burde få litt tilleggsstraff for for å ha site med ministeren i OED i 8 år.

Ein kjend lokal politikar har vikariert i ministerposten.

Kan vi vente at noko vert gjort for å rette opp i rotet?

Trur ikkje det, dessverre, sjølv om det er svært enkelt å gjera det. Eit lite rekneark er alt som skal til.

Kanskje om Stortinget tek i bruk kunstig intelligens?

Artikkelen held fram under annonsen.

Helge Ådland