Klagar om stadig råkøyring
Fryktar at det snart skjer ei ulukke.
Politiet har fått klage på at det stadig vert køyrt for fort i Industrivegen i Kolskogen. Frykta til meldar er at det snart skjer ei ulukke.
— Denne informasjonen vil bli følgt opp og delt med UP, fortel politioverbetjent Thomas Evensen Juulseth.
Artikkelen held fram under annonsen.
I morgontimane onsdag er politipatruljane ute på skulane i samband med skulestart og aksjon skuleveg.
Patruljane har også kontrollert nokre køyretøy, men det har ikkje resultert i sanksjonar.