Vi treng trygge kvardagsvegar, ikkje monstervegar!
Det er på tide å lytte til kva folk faktisk vil ha, og handle deretter.
Det er sjelden folkeviljen kjem så klart fram som i den nyleg publiserte meiningsmålinga om Hordfast. Heile 70 prosent av vestlendingane vil prioritere ein ny og forbetra E16 mellom Voss og Bergen. Dette viser ein opplagd verkelegheit: Vi treng smarte vegar, ikkje monstervegar.
I Miljøpartiet Dei Grøne er vi opptekne av å fokusere på det som faktisk har noko å seie for folk i kvardagen. Hordfast kan kanskje stå fram som ei draumeløysing for dei som ønskjer bru mellom Stord og Os, men vi må også ta omsyn til dei massive kostnadene som følgjer med – ikkje berre finansielt, men også i tap av natur. Med ein prislapp på nær 46 milliardar kroner, blir det rett og slett umogleg for oss å stå bak eit så overdådig og kostbart prosjekt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vi vil heller bruke dei viktigaste samferdselspengane til å gjere kvardagsvegane trygge, rassikre og meir klimavenlege.
E16 mellom Bergen og Voss er ein slik kvardagsveg. Denne strekninga er flittig brukt både til pendling og varetransport, men er også ofte utsett for ras og ulykker, og kan i verste fall vere ei dødsfelle. Derfor vil vi i MDG prioritere utbygginga av ny E16 og ny jernbane mellom Voss og Bergen (K5).
Det er på høg tid at vi tenkjer oss om to gonger før vi set i verk slike gigantprosjekt som Hordfast. Det vil få store konsekvensar for høvet til å sikre kvardagsvegane, store konsekvensar for sårbare naturområde og det vil auke dei samla klimagassutsleppa. Viss vi verkeleg er opptekne av å nå natur- og klimamåla, kan ikkje Hordfast realiserast, slik regjeringa ønskjer.
Samstundes når så mange menneske i Vestland seier nei til Hordfast, må det vere eit klart signal til både Stortinget og regjeringa om kvar skoen klemmer. Her er det ikkje berre snakk om økonomi og natur, men også om grunnleggjande demokratiske verdiar. Alle dei store partia i Vestland er for Hordfast, mens innbyggjarane og MDG er samde: Nei til Hordfast, og ja til veg og bane på E16!
Vi i Miljøpartiet Dei Grøne er opptekne av å skapa eit samfunn der folk kan leve gode liv, utan å øydeleggja for komande generasjonar. Dette kan vi ikkje gjere om vi satsar på monstervegar som Hordfast. Vi vil heller investere i smarte, trygge og klimavenlege kvardagsvegar. Det er dette som vil skape eit meir berekraftig Vestland.
Det er på tide å lytte til kva folk faktisk vil ha, og handle deretter. Målingane er klare, og folket har talt. No må regjeringa følgje opp, og seie ja til trygge kvardagsvegar. Det er slik vi byggjer framtida - for alle, for alltid.
Nils-Anders Nøttseter
1. kandidat
Artikkelen held fram under annonsen.
MDG i Bjørnafjorden og Vestland
Ingrid Liland
Nestleiar
MDG