Tøffe kutt: Det er enkelt å vedta tøffe kutt og å “vise handlekraft”, men vanskeleg nok å leie og istandsette ute i den skarpe enden.

Vi vil arbeide for forbetring nedanfrå og opp og fjerne unødig byråkrati

Vi på KrF-lista er motiverte til å vere ombodspersonar for deg og utøve politisk styring og oppfølging til det beste for innbyggjarane.

Vi går i møte med ein omstillingsprosess i kommunen vår, med store kostnadskutt for å få kontroll med økonomien. Eventuell innføring av eigedomsskatt vil ikkje hindre det. Frå KrF vil vi åtvare om risiko for frustrerte tilsette som søkjer seg vekk og om auka sjukefråvær fordi ein må springe fortare og stå i vanskelege situasjonar ein ikkje burde stått i. Dette kjenner tilsette i kommunen vår på allereie.

Eg veit at mange ute i einingane våre er usikre og opplever ei auka arbeidsbelastning. Ein tek ikkje inn sjukevikarar og andre må kompensere. Takk til de som formidlar dette, vi lyttar og tek det med inn i arbeidet!

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg er overtydd om at det er mogleg å gjennomføre kostnadskutt og samstundes ha tilsette med leveleg arbeidsmengde, og som får brukt arbeidskapasitet og kompetanse i det daglege arbeidet. Men det gjer ikkje seg sjølv.

“Dette kan fort gå godt”, seier ein gjerne i møte med krevjande situasjonar. Eg vil likevel åtvare meg sjølv og politiske kollegaer i alle parti om risikoen for at det ikkje går godt om vi undervurderer utfordringane og fallgruvene i omstillingsprosessen.

Det er enkelt å vedta tøffe kutt og å “vise handlekraft”, men vanskeleg nok å leie og istandsette ute i den skarpe enden. Erfaringa mi frå 30 år i næringslivet er at det går dårleg dersom ein omstiller organisasjonen ovanfrå og ned. Resultatoppnåinga vert dårleg og frustrasjonen aukar.

I KrF trur vi at gode samfunn blir bygd nedanfrå i tillit og i samspel mellom partane. Som KrF-politikar vil eg difor arbeide for at ein set inn tiltak og oppfølging nedanfrå og opp. Samspelet mellom tilsette og mellomleiarar ute i einingane og leiinga er avgjerande for å lukkast.

Leiinga på alle nivå må stå fram og prioritere og også ta støyten i den krevjande dialogen med alle dei som blir råka av prioriteringa.

Dei tilsette må akseptere prioriteringa som vert gjort, men skal kjenne seg sett og verdsett og ha ei overkommelig arbeidsbelastning. Og for å få til samspelet, treng vi dyktige tillitsvalde som blir høyrt og lytta til.

Du som er tilsett ute i einingane våre skal vite at vi er avhengig av deg og kollegaene dine der for at vi skal lukkast. KrF vil lytte til deg og sette inn tiltak for å prioritere vekk det du skal gjere mindre av og legge til rette for at du skal få gjort oppgåvene på ein god måte.

KrF vil gjerne komme i posisjon til å leie og følgje opp omstillingsarbeidet i Bjørnafjorden kommune, i samarbeid med andre parti. Som sentrumsparti er KrF pragmatisk og løysingsorientert og vi vil søkje breiast mogleg samarbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi på KrF-lista er motiverte til å vere ombodspersonar for deg og utøve politisk styring og oppfølging til det beste for innbyggjarane. KrF anerkjenner våre dyktige tilsette og vi vil arbeide for forbetring nedanfrå og opp og fjerne unødig byråkrati.

Gje gjerne KrF stemma di i år dersom du har sansen for måten KrF vil arbeide på.

Jakob Enerhaug

1. kandidat

Bjørnafjorden KrF