God framdrift: I Nore Fusa er det positiv utvikling, mellom anna er arbeidet med industriområdet i Samnøy i god framdrift.

Næringsliv og skulestruktur i tidlegare Fusa kommune

Det er svært viktig for næringslivet og familiane kringom i bygdene at det er skule der.

Den største arbeidsplassen i Bjørnafjorden ligg på Venjaneset. Det er Frank Mohn. Dei tilset no nye folk i bedrifta. Det er gledeleg. Også i Nore Fusa er det positiv utvikling, mellom anna er arbeidet med industriområdet i Samnøy i god framdrift.

Samtidig går nokre politikarar i Bjørnafjorden inn for å leggja ned Fusa Skule og Ådlandsfjorden barneskule, (tidligare Nore Fusa skule).

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er svært viktig for næringslivet og familiane kringom i bygdene at det er skule der. Skulen er ein viktig del av «limet» i ei bygd. Det at det er skule gjer området attraktivt for nye familiar å busetja seg, som også er viktig for næringslivet.

Konservativt Bjørnafjorden vil behalda dei skulane.

Kva meinar Frp, Høgre og KrF sine kandidatar frå tidligare Fusa kommune om dette?

Rune Samnøy

1. kandidat

Konservativt Bjørnafjorden