Ny sjanse: For tre år sidan bestemte Hjørdis Barmann seg for å slutta som fastlege. No ønskjer ho å gi yrket ein ny sjanse. Torsdag fekk ho besøk av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og ordførar Trine Lindborg.

For tre år sidan slutta Hjørdis som fastlege. No er ho tilbake

– Eg sakna jobben min. Eg sakna den varierte arbeidsdagen og pasientane mine, seier Hjørdis Barman.

Måndag var 40-åringen attende i jobben sin som fastlege ved Flåten legesenter.

Barmann understrekar at Bjørnafjorden-modellen også var ein viktig pådrivar for at ho valte å gå tilbake til fastlegeyrket.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bjørnafjorden-modellen gjorde at eg ønskte å gje det ein ny sjanse. Modellen gjev økonomisk tryggleik. Eg kan gå ned på lista mi, ha færre pasientar og ha meir tid til pasientane mine. Eit anna aspekt er at eg kan vera heime med sjukt barn og få kompensert ein viss sum. Som trebarnsmor er det viktig, påpeikar ho.

– Bjørnafjorden-modellen er veldig fin i forhold til å få rekruttert fleire fastlegar, meiner ho.

Les også
Stadig fleire unge sluttar som fastlege. Hjørdis (37) er ein av dei
Les også
Har funne midlar: Føreslår desse tiltaka for å bøta på fastlege-krisa

– Vi er på rett spor

Då kjøkenet på Luranetunet opna i januar, var helse- og omsorgsminister, Ingvild Kjerkol (Ap) på plass. Den gangen fekk helseministeren ei innføring i Bjørnafjorden-modellen, og kva grep kommunen har tatt for å halda på fastlegene sine og for å rekruttera nye.

Torsdag var ho attende for å høyra korleis det går.

– Eg er veldig imponert over Bjørnafjorden-modellen. Kommunen har teke tak i det vi veit har vore utfordringa, nemleg å skapa rom for at legane får gjera jobben sin utan å slita seg ut, samt at nye legar opplever tryggleik når dei går inn i eit spesialiseringsløp, seier helseministeren og viser til at kommunen stod i fare for å mangla fastlege til 1/3 av befolkninga.

– Gjennom ei rekkje grep har ein klart å snu utviklinga.

Kjerkol synest det er utruleg artig å møta ein fastlege som gjekk ut av yrket for tre år sidan, fordi kvardagen ikkje var slik ho ønskte, men som no har bestemt seg for å venda attende.

– Det viser at ein har gjort dei rett grepa, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helseministeren viser til at fastlegeordninga er ein viktig del av helsetenesta, og at ein er avhengig av ei stabil og berekraftig ordning.

– Her har kommunen gjort ein stor jobb for å sikra tenesta for innbyggjarane sine, og så må staten følgja opp med dei verkemidla vi har. I tillegg til ei rekkje målretta rekrutteringstiltak, har vi til dømes auka basisfinansieringa med 20 prosent på eitt år. Det tilsvarer ein heilårsverknad på landsbasis på 1 milliard kroner, seier Kjerkol og legg til:

– For første gong på mange år ser vi ein nedgang i talet på dei som ikkje har fastlege. Det fortel meg at vi er på rett spor. Men vi gir oss ikkje før vi har ei stabil og berekraftig ordning, seier ho og viser til ekspertutvalet og dei tilrådingane utvalet kom med i april.

Jobbar vidare: Helse- og omsorgsminsiter Ingvild Kjerkol lovar at ho skal jobba vidare med å stabilisera den viktige ordninga. – Vi må byggja opp om kommunane si evne til å ta denne typen grep, seier ho. Magnar Simensen nytta høvet til å slå av ein prat med ministeren.

Har fått tilbake den gamle lista si

Ordførar Trine Lindborg set pris på at statsråden kjem attende for å høyra korleis det går med satsinga til kommunen.

Lindborg fortel at ho har vore tett på både statsråden og statssekretærane i perioden etter at modellen vart innført.

– Er det andre kommunar som tenkjer i Bjørnafjorden sine banar og ønskjer å gjera noko tilsvarande?

– Modellen blir sett på i andre kommunar utan at eg konkret kan seia om det er nokon som har teke alle verkemidla i bruk. Men ja, det er jo kommunar som ser på om nokre av grepa kan vera rett for dei, og det er kjekt, seier ordføraren.

Benjamin Jakobsen, som fekk fast plass på Stortinget då Lubna Jaffery vart statsråd, meiner det er mange kommunar som kan læra av det ein har gjort i Bjørnafjorden. Både han og Lindborg viser til at litt av utfordringa med fastlegekrisa har vore at kommunane gjerne har overbydd kvarandre for å få fatt i legar. Slik Lindborg ser det, handlar det meir om å gjera seg attraktiv på andre område, som tryggleik, opplæring og større fagmiljø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– De har løyst utfordringa utan at det har blitt ein lønsgalopp. De har investert i det som dei unge legane har sagt er viktigast for dei, føreseielegheit, rammer, fagmiljø og moglegheita til å spesialisera seg, kommenterer Kjerkol.

Barman vedgår at ho har grugleda seg til å venda attende til yrket. Det er nokre praktiske oppgåver ho ikkje har vore borti på nokre år, men då ho gjekk inn døra på legekontoret på måndag, var det nesten som om ho ikkje hadde vore borte i det heile.

– Det er veldig kjekt å koma i gang igjen. Eg har fått tilbake den gamle lista mi så eg kjenner mange av pasientane, seier ho og smilar.

– Det vert spennande. Eg likar tempoet. Samstundes har eg, etter sju år i allmennpraksis tidlegare, lært at eg må bli flinkare til å setja grenser, vedgår Barman.

På besøket sitt i Bjørnafjorden torsdag, var helse- og omsorgsministeren også innom legevakta på Moberg. Her fekk ho mellom anna høyra om korleis kommunen jobbar med akutt hjelp, nordsjøturnusen, samt prosjekta «Heime best» og «Rask psykisk helsehjelp».

Helsefag: Ingvild Kjerkol helste også på helsefagelevane Pernille Fimreite, Andrea Jensen, Hanna Bakke, Josefin Antonsson og læraren deira på Os vidaregåande skule, Signe Molland. Elevane fortalte litt om korleis dei opplever å vera i praksis.