Vil fiksa gamlebrua
Gledeleg nyhende til alle turgåarar på Søfteland. Gamlebrua vert rusta opp.
Fredag skreiv «Os og Fusaposten» om turgåarar som kryssa gamlebrua med hjarta i halsen. Grunneigar hadde laga skilt om at alle turgåarar kryssar på eige ansvar. Han håpa på hjelp frå kommunen til å rusta opp brua, slik at det ikkje skjedde nokre ulukker på hans grunn.
No ser det ut som at ønsket hans vert oppfylt rakst. På Facebook har nemnleg kultursjef Lisbeth Axelsen kommentert saka frå fredag:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kultureininga har alt avtalt eit spleiselag for å rusta opp brua. Vi tek rekninga for alle materialer, og flotte frivillige skal ta arbeidet med å setja ho i stand.
Grunneigar Bjørn Bergstø er glad for at det ser ut til å ordna seg.
- Det er veldig kjekt. Eg veit ikkje heilt når arbeidet startar, men me håpar på at det skjer i næraste framtid, seier han.