Nilson Viegas og Candid Sylta er klare for å ta osingane med på eksotiske og sveitte dansetimar på Os ungdomsskule. (Privat foto)
Nilson Viegas og Candid Sylta er klare for å ta osingane med på eksotiske og sveitte dansetimar på Os ungdomsskule. (Privat foto)

Vil få mannfolka i Os til å dansa

Studio Dance Os får eksperthjelp frå Bergen for å lokka mannfolka i Os på dansegolvet.

Studio Dance Bergen ønskjer å gje osingane eit nytt treningstilbod. Dei har oppretta ei eiga avdeling «Studio Dance Os», som tilbyr prøvetimar i Zumba og Smile Dance Fitness i kantina på Os ungdomsskule. Dette er ei treningsform som passar begge kjønn og folk i alle aldrar.

- Her i Os har me i lengre tid slitt med å få med oss mannfolka på dans. Med dette nye tilbodet håpar me dei føler seg kalla, seier Andri Håvardstun i Studio Dance Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dans og sveitte

Ho fortel at den nye dansen «Smile Dance Fitness» (SDF) verkeleg har fått mannfolka i Bergen til parketten.

- Zumba og «Smile Dance Fitness» har teke av blant menn i Bergen. Spesielt sistnemnde. Dette er bevegelse etter fengjande musikk, ei morosam og effektiv treningform med høg "smilefaktor", seier Håvardstun, som sjølv instruerer i salsa på Oshjørnet annakvar søndag.

Til det nye tilbodet får osingane Candida Sylta frå Os og Nilson Vegas som instruktørar. Sistnmende har utdanneing innan dans, er grunnleggjaren av «Smile Dance Fitness» og eigar av Studio Dance Bergen.

Nilson Viegas har utvikla "Smile Dance Fitness"-stilen heilt sjølv.
Nilson Viegas har utvikla "Smile Dance Fitness"-stilen heilt sjølv.
Andri Håvardstun er Studio Dance Bergens representant i Os. Ho vil sjølv vera med på laurdagstreningane. I tillegg til at ho underviser i salsa på Oshjørnet ein gong i veka.
Andri Håvardstun er Studio Dance Bergens representant i Os. Ho vil sjølv vera med på laurdagstreningane. I tillegg til at ho underviser i salsa på Oshjørnet ein gong i veka.

- Begge er veldig flinke og etterspurde instruktørar. Så dette er eit tilbod osingane bør slå til på, seier ho.

Dersom det går som ho håpar, vert det Zumba og Smile Dance Fitness i kantina på Os ungomdsskule kvar laurdag i tida framover.

Noko for alle

Nilson Viegas er halvt cubansk og halvt portugisisk. 39-åringen er vaksen opp i Portugal. Det var også her han lærte å dansa.

- Eg har dansa heile livet. Og starta i vaksen alder danseskular i Portugal, Spania og etter kvart også i Noreg, fortel Viegas.

Han har vore salsa- og zumba-instruktør i ei årrekkje, og for eitt år sidan introduserte han «Smile Dance Fitness».

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg brukte tre år på å studera zumba. «Smile Dance Fitness» er ein vidareutvikling av denne danseforma, men ho er langt meir ledig og fri. Koreografien kan til tider minna litt, men med SDF kan ein nytta all type musikk. Det vera seg latino, rock'n'roll, swing eller hip-hop. Dessutan er dette endå meir mosjon, sveitte og energi-forløysande, fortel Viegas.

Nettopp grunna det allsidige ved dansen, meiner han dette er eit tilbod som vil passa for alle.

Spreier tilbodet

Andri Håvardstun håpar osingane ser kva kapasitet dei no får til bygda.

- Dette er instruktørar som heldt svært høgt internasjonalt nivå, skryter Håvardstun.

Ho nemner at Viegas har vore koreograf for TV-programmet «So you think you can dance» i Spania og Portugal og at han har vore euoropeisk meister i salsa.

- Viegas har sin faste danseskule i Kong Oscarsgate i Bergen, men ønskjer no å koma ut til krinsane kring byen. I tillegg til Os skal Studio Dance Bergen etablera seg både på Askøy og Sotra.

I tillegg har danseklubben til Viegas faste dansetimar hjå store bedrifter som DNB, Statoil og Tryg.

- Det går i eitt, men eg liker det så godt. Det er moro å spreia dans og glede, seier Viegas, som elles jobbar som ingeniør.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg skal ikkje lyga til deg. Det er travelt. Men med dans får ein overskot. Det håpar eg også osingane vil merka, avsluttar Viegas.

Visste du-logo

Visste du at zumba vart starta av den colombianske dansaren Alberto Beto Perez på 1990-talet, og at denne dansaren i ein periode deltok på ovanfornemnde Nilson Viegas sine dansesamlingar i Spania og Portugal i åra før dette.

- Han lét seg inspirera av koerografien min, og eg kjenner att mykje i zumbaen. Slik sett var eg sjølv med på å skapa litt av zumbaen, seier Viegas.