Lone Gabrielsen og Lilly-Mae Grønvigh talte for seg sjølve og dei andre konfirmantane.
Lone Gabrielsen og Lilly-Mae Grønvigh talte for seg sjølve og dei andre konfirmantane.

Vel blåst konfehelg

Talet på humanistiske konfirmantar i Midthordland har stige med vel 85 prosent frå i fjor til i år. Laurdag vart 76 ungdomar frå Os og Fusa konfirmerte i to seremoniar i Oseana.

I fjor var det 41 humanistiske konfirmantar i Os, i år er talet 76.

- Sidan den første borgarlege konfirmasjonen fann stad i Oslo rådhus i 1951, har vi konfirmert 250.000 ungdomar, fortel lokallagsleiar i Human-Etisk Forbund, Egil H. Haugland i velkomsthelsinga si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Human-Etisk Forbund har hatt eit tilbod til ungdom frå Midthordland i 30 år. Ifølgje Haugland er konfirmasjonsdagen den største i året for arrangørane.

- Vi er sikre på at dagen i dag er blant dei største i konfirmantane sitt liv også, og at alle familiane som er representerte i Oseana, har sett fram til denne dagen med spaning og forventing i lang tid, sa Haugland før han gav ordet vidare til Anders Garbom Backe frå Human-Etisk Forbund. Han heldt festtale for konfirmantane.

Talte til sine eigne

Talte gjorde også to av konfirmantane. Lone Gabrielsen og Lilly Mae-Grønvigh sette ord på kva utfordringar ein som ungdom i dag står overfor på terskelen til vaksenlivet.

37 ungdomar vart konfirmerte i den andre seremonien i Oseana kunst- og kultursenter laurdag.
37 ungdomar vart konfirmerte i den andre seremonien i Oseana kunst- og kultursenter laurdag.
Gina Aspenes var solist under seremonien og framførte mellom anna "Gabriellas song".
Gina Aspenes var solist under seremonien og framførte mellom anna "Gabriellas song".

- Vi har gått på to taleskrivingskurs, og arbeidd med talen i lang tid. Det er godt å vera ferdig, sa jentene til «Os og Fusaposten» etter at seremonien var over.

Som humanistisk konfirmant gjennomfører ungdomane eit kurs i livssyn og etikk. Seremonien laurdag var avslutninga på dette kurset.

I tillegg til festtalane, song Gina Aspenes «Gabriellas song» og «Roar» av Katy Perry, medan fire dansarar frå Os kulturskule to koreografiar av Patricia Langeland.

Os & Fusa TV kjem tilbake med meir frå konfirmasjonsdagen til ungdomane.