Vasslekkasje, kortslutning og gneistar
Ein vasslekkasje i Oshjørnet førte måndag til kortslutning og gneistar i «Kreative sjeler»-lokalet.
Det er ikkje første gongen at det er vasslekkasje i bygget til Os Bygg og Eigedom AS.
- Me opplevde det for eit par veker sidan også, men den gongen unngjekk med kortslutning, fortel ein kar som jobbar litt for gjengen til «Kreative sjeler».
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var han som melde frå til brannvesenet måndag.
- I dag tidleg var det mykje vatn i heile lokale. Ut på dagen fekk me kortslutning. Då me oppdaga gneistar kring støpselet i gangen ringde me brannvesenet, fortel mannen.
Eigar informert
Heile Oshjørnet-bygget står nærast tomt. Per dags dato er gjengen i «Kreative Sjeler», som held til i dei gamle lokala til Opus kafé, dei einaste som held hus i det store bygget.
- Det er ingen som bur over lokala her, men dersom eigaren slår av vatnet, vert det, slik eg har forstått det, ikkje vatn-tilgang i desse lokala heller, seier mannen.
Utrykningsleiar Gitle Smådal og mannskapet hans fekk raskt oversikt over situasjonen.
- Det var berre snakk om små gneistar, men me er sjølvsagt glade for at publikum er snare med å ringja, så me får sikra situasjonen, seier Smådal.