Førstelaget til Søre Neset har gjort reint bord i serien denne sesongen. Tysdag tok dei sin 12 av 12 moglege sigrar. (Privat foto)
Førstelaget til Søre Neset har gjort reint bord i serien denne sesongen. Tysdag tok dei sin 12 av 12 moglege sigrar. (Privat foto)

Vann samtlege 12 kampar i serien

Tysdag spelte Søre Neset sitt førstelag siste seriekamp for sesongen. Med 3-0-siger over Bryggen står dei raudkledde med full pott på 12 kampar.

Med det er sørenesingane garantert opprykk til neste sesongs 2. divisjon. Seriemeisterskapen er det framleis teoretiske moglegheiter til at dei kan mista.

- Det skal gå veldig galt om me ikkje vert seriemeistrar i 3. divisjon, men det står endå att ein ranking-runde, og før den er spelt kan me ikkje feira gullet, seier trenar Morten Asphaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Over all forventning

Inntil rankingrunden går av stabelen i midten av april trenar gjengen som vanleg.

- Resultata denne sesongen har vore over all forventning. Eg hadde ikkje venta at me skulle klara å vinna 12 av 12 seriekampar, men når me no har klart det, skal me også fullføra med stil. Eit godt resultat i rankingspelet er viktig både for å sikra seriegullet, og for å visa ein siste gong at me var best denne sesongen, seier trenaren.

Også andrelaget fullførar ein meir enn godkjent sesong.

- Målet for andrelaget var å halda seg i divisjonen. Slik det ser ut no går det ganske greitt. Me ligg litt under midten, og med ein god innsats i rankingrunden vert 3. divisjonsplassen sikra, seier Asphaug.

Høgt nivå

Fram mot neste sesong vurderer Søre Neset å hanka inn eit par nye spelarar. Det kan vera naudsynt.

- Me veit at det er høgt nivå i 2. divisjon. Laga som rykkja opp i fjor, Kvernbit og Dalen, ser begge ut til å rykkja rakt ned igjen. Dersom me skal unngå det må me bli meir stabile og gjerne få inn eit par forsterkningar, seier trenar Asphaug.

Han held fram som trenar for laget.

Morosame kampar

Førstelagets siste kamp gjekk på bortebane mot Bryggen tysdag kveld. Sørenesingane måtte slita litt i første sett, men i andre og tredje var dei rimeleg overlegne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vibeke Ingebrigtsen vart lagets store spelar med mange gode server og angrepspoeng.

Settsiffra vart: 24-26, 15-25 og 18-25.

Andrelaget møtte same lag heime i Nore Neset-hallen måndag.

Trass i stundom godt spel vart det tap 0-3 med settsiffra 14-25, 24-26 og 9-25.

- Begge kampane mot Bryggen var morosamme. Eg må skrya av det laget. Det er ei gruppe med eldre spelarar fødd på 1950-1960-talet, men dei er svært så erfarne og leser spelet svært godt. For våre spelarar var det ein stor inspirasjon å møta denne gjengen, avsluttar Asphaug.