Ungt framadstormande lag
Det unge og framadstormande Os 2-laget sikra seg søndag opprykk til neste års 4. divisjon.
Med sterke 3-0 borte mot Baune 2 sikra andrelaget til Os senior seg retten til å spela i neste års 4. divisjon, og det alt to rundar før serieslutt.
- No leiar me med sju poeng på Ask. Dermed er andreplassen i avdelinga sikra, fortel lagleiar for Os 2-gutane, Odd Jarle Hjelle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Målgrossistar
Osingane tek andreplassen på tabellen bak Askøy. Dei gul-svarte har no to kampar att - borte mot Ask og heime mot Smørås 2.
- Me kjem til å køyra på det me kan også i dei to siste kampane. Denne gjengen har for vane å gjera sitt beste uansett, skryter trenaren.
Han legg til at dei heller ikkje går av vegen for å pynta meir på ein alt så imponerande god målskilnad.
- Me har skåra 85 mål og har over 50 mål i pluss. Endå betre kan det bli, seier Hjelle.
Fortent champis
Etter to mål av Torgeir Lunde og eitt av Eric Skorpen kunne det unge Os 2-laget spretta champis-korkane på Krohnsminde. Men sprudlevatnet var sjølvsagt alkoholfritt.
- Du veit, det er så unge gutar dette, at dei har ikkje lov til å drikka alkohol. Så her var det "lovleg" champis det gjekk i, forten trenar Hjelle.
Han legg til at gutane skal få lov til å feira litt meir når sesongen er heilt over.
- Dei har god grunn til å vera nøgde med seg sjølv. Hovudmålet var å rykkja opp til 4. divisjon med seniorlaget, så får det heller våga seg at me ikkje klarte å få juniorlaget opp i eliten. Det vert mange treningar og kampar på dei same gutane. Då seier det seg sjølv at ein ikkje kan prestera like godt heile tida, seier Hjelle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Blant dei som har drege lasset på Os 2 denne sesongen er Kasper Sandven Færøvik, Erlend Bjørnevik, Øyvind Odland, Markus Sørås Bjørnevik, Torgeir Lunde, Vegard Hjelle, Anders Havsgård, Fabian Bødtker, Erlend Søråas Storebø, Eric Skorpen, Christoffer Hevrøy, Tom Gabriel Rondestveit, Ådne Onarheim, Mats Lepsøe, Thomas Fosen og Egil Thuen.