Gymnasistane brukte skodespel for at borna i Os barnehage skulle læra seg korleis ein smittar andre, og kva ein kan gjera for å unngå dette.
Gymnasistane brukte skodespel for at borna i Os barnehage skulle læra seg korleis ein smittar andre, og kva ein kan gjera for å unngå dette.

Tommel opp frå doktor Aadland

Saman med utanlandske utvekslingselevar, lærte gymnasist Mina Aadland borna i Os barnehage korleis dei skal unngå å bli sjuk og smitta andre.

I samband med prosjektet Erasmus+ (sjå faktaboks) har Os gymnas hatt besøk frå partnarskuler frå Latvia, Tyskland og Nederland denne veka. Rammeprogrammet er Erasumus+, og smittsomme sjukdomar på tvers av landegrensar er arbeidstemaet til prosjektgruppa. Elevar og lærarar reiser attende til sine respektive land laurdag, men før dei reiste, vitja ei av gruppene Os barnehage for å læra dei korleis dei skal halda seg friske, og korleis ein unngår smitte.

- Vi er delt inn i fem ulike grupper. Gruppene har gjort ulike ting. Éi gruppe har laga presentasjon for vidaregåande skule. Vi har laga presentasjon for barnehagen, fortel Mina, som leia foredraget og leiken i barnehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig med handvask

Det blei sett fokus på kor viktig det er å vaska seg på hendene for å halda seg frisk. Borna blei også spurt om kva andre ting ein kunne gjera for å unngå å bli sjuke.

- Eg liker å vaska meg på hendene, for eg blir ofte klissete, var det ein som sa.

- Det er viktig å ta godt med klede på, sa ein annan.

Lina Al Najar frå Nederland, Ina Bartl frå Tyskland, Mina Aadland frå Os gymnas og Laura Alise Liepina frå Latvia.
Lina Al Najar frå Nederland, Ina Bartl frå Tyskland, Mina Aadland frå Os gymnas og Laura Alise Liepina frå Latvia.
Høgdepunktet for borna var nok då dei fekk leika sisten.
Høgdepunktet for borna var nok då dei fekk leika sisten.
Det var også kjekt å prøva å kommunisera med lærarar som kjem frå andre land.
Det var også kjekt å prøva å kommunisera med lærarar som kjem frå andre land.

Til sist var det ein som meinte at det var lurt å unngå å ta på dei som smittar.

- Veldig gode innspel, seier Mina.

Borna fekk også tips til kva dei kunne gjera for å unngå å smitta andre, om uhellet var ute.

- Då må de hosta og nysa inn i olboga. Ikkje del vassflasker, koppar eller bestikk med dei som er sjuke, og ta ein dusj av og til, seier Mina.

Høgdepunktet for borna

Gymnas-elevane hadde også eit lite skodespel, der Mina spelte doktor. Utvekslingselevane Laura Alise Liepina, Ina Bartl og Lina Al Najar spelte pasientar, som gjorde alt dei ikkje skulle gjera, og enda opp med å bli sjuke. Dei tre var overraskande fline til å snakka norsk, med tanke på at dei berre har vore ei veke i landet. Heilt til sist lekte dei ein variant av tikken, eller sisten om ein vil. Dette såg ut til å vera høgdepunktet for borna, men også det å høyra på og prøva å kommunisera med nokon som snakka eit anna språk, såg ut til å vera morosamt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alt er grønt her!

I morgon skal utvekslingsstudentane heim. Dei tre veit det nok ikkje sjølve, men dei har vore ekstremt heldige med vêret. Uansett, kan dei fortelja om eit flott Noregs-opphald.

- Kva har de gjort på?

- Vi har jobba med prosjektet. Vi har mellom anna vitja Haukeland sjukehus og Vil-Vite-Senteret, og vore på akvariet i Bergen, seier nederlendaren Lina.

Dei tre utvekslingsstudentane kunne også fortelja at Os er nokså annleis byane dei kjem frå.

- Her er det grønt og fint no. Heime er alt brunt i februar, seier Ina Bartl frå Tyskland.

Dei to andre nikka med hovudet.

- Slik er det heime i Latvia også, seier Laura.

Studentane har budd hos vertsfamiliar. Dei fortel at dei har trivest og at dei håpar å kunna koma på besøk i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men eg håpar at du kan koma til Tyskland også, Mina, seier Ina.

- Det håpar eg også, seier Mina.

Erasmus+ er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett for perioden 2014-2020.

EU ønskjer integrasjon i Europa, og god dialog på tvers av grenser. Difor finansierer dei prosjekt alt frå grunnskulen av, til og med universitet- og forskingsutdanning.

Rammeprogrammet er Erasmus+, og smittsomme sjukdomar på tvers av landegrensar er arbeidstemaet til prosjektgruppa.

Os gymnas søkte om stønad saman med skular frå fire andre land: Tyskland, som er hovudkoordinator, Latvia, Nederland og Italia.

Dei fem samarbeidslanda skal vitja kvarandre. Os gymnas har vore i Nederland og Latvia. No har dei også vore vert. I april skal dei til Tyskland.