1. klasse på Vinnes friskule består av tvillingbrørne Filip (t. v.) og Dag Almås Solberg, og Hilde Dalland. Kontaktlærar er Kjersti Hellebø Solheim.
1. klasse på Vinnes friskule består av tvillingbrørne Filip (t. v.) og Dag Almås Solberg, og Hilde Dalland. Kontaktlærar er Kjersti Hellebø Solheim.

Tommel opp for naturfag og matte

Naturfag og matte er blant favorittfaga til trekløveret som utgjer første klasse på Vinnes friskule. For kort tid sidan lærte 6-åringane om verdsrommet.

- Vi har lært at sola er ei stjerne, fortel Hilde Dalland.

- Og at jorda går rundt sola, seier Dag Almås Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Månen og jorda går rundt sola samstundes, legg tvillingbror Filip Almås Solberg til.

Av andre kjekke oppgåver i første klasse på Vinnes friskule, nemner 6-åringane å jobba med matematikkoppgåver, gym og uteskule. Kvar torsdag er dei nemleg ute. Då tek elevane gjerne turen til gapahuken litt lenger oppe på haugen.

- Kva gjer de på når de er ute?

Alle elevane strekkjer handa ivrig i veret.

- Vi leikar og byggjer litt, fortel Dag.

På uteskulen er 1. til 4. klasse i lag. Kanskje får dei eit glimt at dei to småtrolla, Trolli og Losi, som visst nok skal ha tilhald oppe i skogen også?

- Dei har budd der ei god stund, fortel lærar Kjersti Hellebø Solheim.

- Finst dei? lurer andreklassingen Ylva Opheim på.

Artikkelen held fram under annonsen.

-Har du sett dei, spør læraren.

- Nei...

- Eg har sett dei. Eg såg ein hale som stakk opp her ein dag, fortel Filip.

I tillegg til uteskule, har førsteklassingane sjølvsagt teke fatt på alfabetet. Trioen har faktisk lært så mange bokstavar at dei har kome litt ut av teljinga.

- E, F, D, A, I ..., byrjar dei.

- Vi held på med G no, seier Hilde.

- Vi er heilt ferdige med ei av to arbeidsbøker. Vi har kome meir enn halvvegs i alfabetet, legg lærar Kjersti til.